Etterfest etter teltet stenger
For å kunne fortsette festen litt lenger enn kva teltet tillet, inviterer me til etterfest frå midnatt både fredag og laurdag. Eksklusivt for deltakarar på Oktoberfest 2025!
Etterfesten finn stad på Rema 1000-bygget like ved festivalområdet, kor det er laga til eit flott lokale i kjellaren. Her skal me dansa, synga og kosa oss til dei seine nattetimar!
Livemusikk ved trubadur Jan Kjetil Klubben som skapar fantastisk stemning med kjende slagarar, dansbare rytmar og allsang.
Etterfesten startar kl. 00:00, skjenking til kl. 02:00 og dørene stengjer kl. 02:30.
Etterfesten krev ikkje nokon ekstra billett, kun at du stiller opp med gyldig festivalarmbånd (fredag-, laurdag- eller helgepass).
Me gler oss! 🕺