Halva Priset

For aller første gong skal Halva Priset på scena under Oktoberfest Sogndal!

Sidan starten i 2020 har bandet, leia av Petter Katastrofe, reist landet rundt og halde nær 200 konsertar. Resultatet? Full fres, svimerke på samfunnshusgolv og eit publikum som stadig vil ha meir.

Målet er enkelt: å by på det råaste liveshowet du nokon gong har opplevd. Her får du topp stemning, opne skjorteknappar og ein real masterclass i rølp!

Gjennom karrieren har Halva Priset samarbeidd med fleire kjende artistar, mellom anna Stian «Staysman» Thorbjørnsen og Maria Mena. Sistnemnde bidrog til superhiten «Den finaste Chevy’n» i 2021 – ei låt som har vore med på å dra bandet opp til over 150 millionar avspelingar på Spotify.

På scena kan du vente deg klassikarar som «Kjerring i frå by’n», «Konge på bygda», «Raggarhimlen» og «Kompis». Med pyro, allsang og trøkk frå første sekund, er det duka for ein kveld der ingenting blir halde att!