Ein skikkeleg oktoberfestmiddag
Nyt den ultimate tyske tradisjonsretten i lystig lag. Ellevilt frå Sogndal står for maten heile helga.
På laurdagen under Oktoberfest Sogndal dekker me langborda og gjer klar benkeradane for eit realt oktoberfestmåltid.
Her snakkar me sjølvsagt den ultimate tyske tradisjonsretten “eisbein mit sauerkraut”, eller på godt norsk: svineknoke/pigwings servert med herleg surkål, rotgrønsaker, potetmos og saus.
Dette er tysk tradisjonsmat på sitt aller beste, og me kan love at sjølv den ivrigaste etaren vil gå nøgd herifrå.
Måltidet inkluderer:
Ein solid tallerken med svineknoke/pigwings, surkål, potetstappe, rotgrønsaker og saus
Plass ved langbord i lystig lag
Her er det begrensa antal plassar, merk at det krevst eigen billett. Førstemann til mølla!