Ola Skram Band

Mykje kjent, mykje moro og musikk som er laga for fest!

Ola Skram kjem til Oktoberfest Sogndal med fullt band og blåsarar, og lovar høg allsangfaktor og skikkeleg god stemning!

Med seg har Ola fem musikarar i hovudbandet, i tillegg til tre blåsarar som gir musikken ekstra trøkk.

På repertoaret står kjende låtar du kan både danse og synge med til. Her blir det sikre publikumsfavorittar, men også nokre overraskingar du kanskje ikkje høyrer så ofte frå eit coverband.

Alt frå Coldplay og ABBA til Ausekarane og DDE kan dukke opp i løpet av kvelden. Kort sagt: mykje kjent, mykje moro og musikk som er som skapt for fest!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Folk Flest