Bli med på Oktoberfest-bingo!
Laurdag 12.sept kl. 15.30 - 17.30 inviterer me alle til den tradisjonsrike og kjekke Oktoberfest-bingoen!
Visste du at bingo er eit av verdas mest populære spel? Reglane er enkle og alle kan vere med:
Du får utdelt brett med ruter, og kvar rute har eit tal. Så trekk me eitt og eitt tal, og når du har fått ei heil rad roper du ut “BINGO!” og vinn ein fantastisk premie 😎 Verre er det ikkje, men det betyr ikkje at ikkje konkurranseinstinktet blir aktivert!
Me garanterer knallgode premiar og mykje latter undervegs. Dei to brørne Eivind og Svein Røysum gjentar rolla som bingovertar, og sørger for god stemning med artige historier og skrøner undervegs.
Hovudpremien: 50 kvm asfalt, gitt av Instefjord Asfalt
Dette håpar me du vil vere med på!
Bingoen er gratis og open for alle. Inntektene går til Vegards krefttråkk.