Invitasjon til Marknadsdag 12.sept
Oktoberfest Sogndal
Kjære produsent av lokal mat/drikke/andre produkt
Oktoberfest Sogndal har i år lagt opp til ein Familie- og marknadsdag på laurdag 12. september.
Billettane til sjølv Oktoberfest er i år snart utseld, og vi håper på at det også skal bli folksamt på Stedje Camping denne familiedagen.
Du er hermed invitert til å stille med salsbod og selje dine produkt denne dagen. Du står gratis på området utanfor teltet og vi gir deg tilgang til straum.
Program
11.00 - 15.00 Haustmarknad
- Lokale produsentar tilbyr lokalmat, frukt, drikke og andre produkt frå salsboder.
- ViteMeir har aktivitetar og konkurransar for born.14.45 - 15.15 Familiekonsert i teltet: Ola Skram Band.
Ola har med seg åtte musikarar og og lovar høg allsangfaktor for heile familien.15.30 - 17.30 Bingo
Open for alle. Den populære bingoen vår kan skilte med steintøff premie! Alle inntekter går uavkorta til Vegards Krefttråkk. Les meir her.🏆
For påmelding, bruk skjemaet under.
Har du evt. spørsmål, ta kontakt med Terje Thorsnes på 917 90 817/post@bygdalive.no
Påmelding