Stedje camping
SOGNDAL

Oktoberfest Sogndal 2025!

Me gjentek suksessen på Stedje Camping helga 26. - 27. september 2025.

Ei helg der ALLE dansar på bordet!

Fredag:

VM i BeerPong
Halva Priset
Oslo Blaaseorkester
Etterfest med Jan Kjetil Klubben

Laurdag:

Oslo Blaaseorkester (gratis)
Bingo med Brødr. Røysum
VM i BeerPong
Oktoberfestmiddag med show
Oslo Blaaseorkester
Vidar Villa
Folk Flest
Etterfest med Jan Kjetil Klubben

Desse kjem i 2025:

Halva Priset

Gjer deg klar for ein heidundrande fredagskveld på Oktoberfest Sogndal– for no kjem Halva Priset til Sogndal!

Med fengande musikk, herleg energi og humor i bøtter og spann, er dette bandet garantisten for fullt trøkk frå første tone – så gjer klar läderhosen, og tenk deg allsangen på referenget på Den finaste Chevy`n…

> Meir om artisten

Vidar Villa

Ein av Norges største norskspråklege artistar, med snart 200 millionar streams på Spotify og utselde konsertar over heile landet dei siste åra!

Han er kjend for hitlåtar som får heile Noreg til å synge med, som One Night Stand, Hitparade, Sjalu, Moren Din, og Den Samme Jævla Sangen - og mange fleire!

Dette blir ein kveld fylt med allsang og gode vibrasjonar – perfekt oppskrift på Oktoberfest-stemning!

> Meir om artisten

Oslo Blaaseorkester

Me gler oss til fantastisk stemning og dansing på bordet når energiske Oslo Blaaseorkester entrer scena både fredag og laurdag!

Ikledd läderhosen og med 30 års erfaring er det liten tvil om at dei veit kva som skal til for å få stemninga på topp.

Dei vil spele heile tre konsertar gjennom helga. Me er i ekstase over at dei nok ein gong vil lage oktoberfeststemning i Sogn - det er berre til å gle seg!

> Meir om artisten

Folk Flest

På laurdagen får me besøk av det lokale lustrabandet Folk Flest. Dei spelar musikk inspirert av country og irsk folkemusikk framført på alle dei “riktige” instrumenta - fele, banjo, mandolin og steel-gitar!

Med Einar Bolstad i spissen kan dei by på både gåsehud, rockefot og høg allsangfaktor. Dette blir garantert stemning!

> Meir om artisten

I tillegg til artistane blir det aktivitetar gjennom helga. Sjå heile programmet.

Siste nytt: