Father & Son Band
Gjer deg klar for eit heilt unikt partykonsept når Father & Son går på scena. Med si enorme entertainerevne har Robin fått samtlege i salen til å dansa på bordet tidlegare, og me er heilt trygge på at han kjem til å gjere det denne gangen òg.
Foto: Jørgen Kirsebom
I front står «englebarnet» Robin Bogstad (34), kjend frå oktoberfestbandet Oslo Blaaseorkester som har spelt på Oktoberfest Sogndal med stor suksess fleire år på rad.
Robin har ei heilt spesiell evne til å dra i gang allsang frå første tone. Med enorm energi og ein tendens til å hoppe opp på borda, er publikum sjanselause når festen først er i gang.
Ved sida av han står pappa Tom Robin Bogstad (66) som har 50 års fartstid som musikar, og dei siste 25 åra som profesjonell entertainer i Cirkus Dos Mosquitos. Med 12-strengs gitar, kraftfull stemme og solid porsjon humor sørgjer han for trøkk, god stemning og masse humor i teltet.
Me åtvarar difor om ekstrem allsangfaktor, høg partygaranti og mogleg hes stemme dagen derpå.