Gunslingers

I snart 20 år har Gunslingers levert norsk countrymusikk av øvste klasse, med ein energi og ein spelestil som har gjort dei til eit av dei mest folkekjære countrybanda i landet.

Dei har sanka ei rekkje prisar, motteke gull- og platinatrofé og spelt for fulle hus over heile Noreg.

Når dei kjem til Oktoberfest Sogndal blir det show, energi og ekte speleglede. Med storslått sceneshow og effektar skaper dei ei ramme som løftar opplevinga, men det er den sterke musikalske leveringa som står i sentrum.

Frontfigur Frode Måkestad har med seg eit solid lag av erfarne musikarar, og her er det ekte vare som gjeld. Alt blir levert live, med trøkk, kvalitet og smittande speleglede.

Gjer deg klar for allsang, feststemning og høg temperatur når Gunslingers entrar scena på Oktoberfest Sogndal. Dette blir eit show å hugse!

Høyr musikken:

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Father & Son + Cirkus Dos Mosquitos

Neste
Neste

Spruce Bringsteel