Kjartan Lauritzen

Gjer deg klar for allsang, dansing og rein Kjartanisme!

Når Kjartan Lauritzen inntar scena på Oktoberfest Sogndal, kan du forvente ein konsert stappa med hitar, energi og den heilt spesielle kontakten med publikum som har gjort han til ein av Noregs mest ettertrakta liveartistar.

Frå Balestrand har han teke turen til landets største scener med låtar som Havanna, Fredag, Nyte D, Million, TADA, Shakira og den enorme sommarhiten Badebussen.

Kjartan er kjend for å by på seg sjølv og skape ei stemning som smittar over på alle. Det har gitt han to nominasjonar til P3 Gull som Årets liveartist.

No kjem han heim til Sogndal for å skape MAKS stemning på Oktoberfest. Dette blir ei konsertoppleving me kan leve på i lang tid!

Foto: Reiner Kleive


Høyr musikken:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Gunslingers