Over 1600 deltok på årets Oktoberfest

Takk for i år! Me vil retta ein stor takk til alle som gjer det mogleg å arrangere oktoberfest i Sogndal.

Takk til alle som kom og laga god stemning, kledd i läderhosen og dirndl - de er nydelege!

Takk for at de ville vere med og lage tidenes beste fest i Sogndal. Over 1600 personar deltok gjennom helga - DET gjer oss stolte!

Ikkje minst takk til alle samarbeidspartnarane våre i lokalt næringsliv, og til alle som har bidrege før og under festivalen.

Og takk til alle som heiar.

Dette blei ei fantastisk helg, og me gler oss STORT til 5-årsjubileum i 2026!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Samla inn over 40.000 kr til Vegards krefttråkk

Neste
Neste

Halva Priset til Oktoberfest Sogndal 2025!