Samla inn over 40.000 kr til Vegards krefttråkk

Årets oktoberfestbingo vart heilt fantastisk! Me er glade for å kunne bidra til ei fantastisk gruppe eldsjeler.

Bingovertane Eivind og Svein Røysum.

Oktoberfest Sogndal har gjort det til ein tradisjon å arrangere bingo på laurdags formiddagen. Alt overskot går til Vegard's krefttråkk - ei gruppe fantastiske eldsjeler som jobbar for å skape gode minne for kreftråka familiar.

I år fekk me verkeleg inn ein stor sum - heile 40.250 kr blei samla inn!

Bingoen vår skal vera av den rause sorten, med premiar langt utanom det vanlege. Med hjelp av eit heilt vanvittig gavmildt lokalt næringsliv, er me heilt mållause over alle premiane me fekk. Me klarte knapt å dela ut alle! 😅

Tusen takk til alle som bidrog med premiar, og til alle som blei med på bingoen! Dette må me heilt klart gjenta i 2026!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Bli med på 5-årsjubileum i 2026!

Neste
Neste

Over 1600 deltok på årets Oktoberfest