Billettslepp fredag 27. juni kl. 12:00
Fredag 27. juni er det 3 månadar til Oktoberfest 2025, og me køyrer på med billettslepp!
Sikre deg billett til ei heil helg med god stemning, kjekke folk, allsang og dans.
Oktoberfest Sogndal går av stabelen helga 26.-27. september 2025. Me har fått på plass eit fullspekka program for heile helga!
Me kan nemne i fleng:
Quiz med masse flotte premiar på fredagskvelden
Konsert med Vidar Villa, som er blant Noregs største norskspråklege artistar
Heile TRE konsertar med Oslo Blaaseorkester (kor ein av dei er gratis!)
Bingo kor du kan vinne ein PlayStation 5 i tillegg til mange andre premiar
Eigen oktoberfestmiddag med herleg mat frå Ellevilt
Etterfest med trubadur inn i dei seine nattetimar begge kveldar
DETTE gler me oss til! Hugs å sikre deg billett når salet opnar fredag 27. juni kl. 12:00.